Ny hytte på tomt 45 til våren 2019

Då er byggesøknadsprosessen for den fyrste tomta i byggetrinn 2 komt igang. Det er eit par frå Bergen som ynskjer å bygge sin fritidsdraum på tomt 45 i Vik Fjellandsby. Hytta som skal røysast snarast snøen går til våren er av typen Telemarkhytter.

Telemarkhytter

Me ynskjer dei lukke til med den vidare planleggjinga 

Byggetrinn 2 er starta opp.

Byggetrinn 2 er starta i Vik Fjellandsby, dette er eit  byggetrinn på 16 tomtar der dei 10 fyrste tomtane blir klargjort denne hausten. Det er pr 30.08.18 sprengd ca 50m med kloakkgrøft og ca  50m hovedvasstilførselgrøft er avdekka klar til sprengning.

Ynskjer du byggeklar tomt til våren 2019?

Ta gjerne kontakt no, 4 av dei 10 tomtane er seld 🙂